Peter Maxwell Davies

Peter Maxwell Davies (8. september 193414. mars 2016) var ein britisk komponist og dirigent.[1]

Peter Maxwell Davies
Peter Maxwell Davies.jpg
Fødd8. september 1934
FødestadSalford, Manchester
Død14. mars 2016 (81 år)
DødsstadSanday i Orknøyane
FødenamnPeter Maxwell Davies
OpphavStorbritannia
Sjangeropera, symfoni
Instrumentpiano
PlateselskapEMI Classics
Verka somklassisk komponist, dirigent, musikkpedagog, filmmusikkomponist, pianist
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Royal Philharmonic Societys gullmedalje

Davies var fødd i Langworthy i Salford i Lancashire, og budde seinare i Swinton. Foreldra hans var Thomas og Hilda Davies.[2] Han studerte komposisjon ved Royal Northern College of Music i Manchester på 1950-talet. Der danna han, saman med Harrison Birtwistle, Alexander Goehr, John Ogdon og Elgar Howarth, New Music Manchester Group, som organiserte framføringar av seriell musikk og annan samtidsmusikk.

Davies slo seg ned på Orknøyane, der han først busette seg på Hoy i 1971 og seinare på Sanday, der han budde livet ut. I 1977 skipa han St Magnus-festivalen for kunst og musikk.

Frå 1979 til 1984 var Davies kunstnarisk leiar for Dartington International Summer School. Frå 1992 til 2002 var han associate conductor/composer for Royal Philharmonic Orchestra, ei stilling han også hadde med BBC Philharmonic Orchestra.

Davies dirigerte og jobba med ei rekke anerkjende orkester, mellom dei Det skotske kammerorkesteret, Boston Symphony Orchestra, Royal Philharmonic Orchestra, Cleveland Orchestra og Gewandhausorchester Leipzig.

I 1981 blei Davies utnemnd til kommandør av Den britiske imperieordenen (OBE). I 2004 blei han utnemnd til Master of the Queen's Music.[3]

I nyttårslista for 2014 blei Davis utnemnd til medlem av Order of the Companions of Honour.[4]

Utvalde verkEndra


KjelderEndra

  1. boosey.com Biografi
  2. "Sir Peter Maxwell Davies CBE Arkivert 3 November 2007 ved Wayback Machine.", Manchester's Theatrical & Musical Celebrities: Papillon Graphics Virtual Encyclopedia of Greater Manchester (Accessed 9 April 2010).
  3. chesternovello.com Karriereoversikt
  4. The New Year Honours List 2014 – Higher Awards, gov.uk.