Peter T. Molaug

norsk politikar

Peter Torleivsson Molaug (2. september 190222. august 1985) var ein norsk politikar frå Hetland i Rogaland. Han representerte HøgreStortinget i ni år; 1954-61 og 1965.

Peter T. Molaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. september 1902
Død

22. august 1985 (82 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Molaug var son til ein gardbrukar og tok eksamen ved Rogaland landbruksskule i 1921. Den neste skulevinteren var han ved Voss Folkehøgskule. Sidan gjekk han inn i drifta på farsgarden, tok over heile garden i 1940. I tida 1930-38 var han medlem av Rogaland Pelsdyrlag. Han var formann i Hetland jordstyre 1940-53, og formann i Hetland Mållag 1946-50

Hausten 1953 vart Molaug vald til stortingsrepresentant for Høgre og Rogaland, der han var medlem av Kommunalkomiteen. Etter å ha vorte attvald sat han perioden 1958-61 i Samferdslekomiteen. I den neste fireårsperioden var han vararepresentant til 9. januar 1965, han rykte då inn på fast plass etter at partikollegaen Ole Bergesen var død. Fram til 1. oktober same året var han med i Protokollkomiteen.

Kjelder endre