Peter Valeur
Peter Valeur (27. juli 1847–3. august 1922) var ein norsk embetsmann frå Bergen, som ein valbolk representerte Samlingspartiet på Stortinget
Peter Valeur | |||
Fødd | 27. juli 1847 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. august 1922 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Samlingspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Prestesonen Valeur var fødd i Bergen. Han gjekk tre år i handverkarlære, deretter vart han student i 1868. I 1869 tok han offiserseksamen og vart utnemnd til sekondløytnant. Han studerte så jus og vart cand.jur. i 1873.
I 1874 vart han sorenskrivarfullmektig i Sunnfjord, der han ei tid også var konstituert fut. Frå 1875 arbeidde han i Armedepartmentet, fyrst som kopist, sidan 1883 som fullmektig. Han fekk stilling som postinspektør i 1886. Frå 1890 var han postmeister, fyrst to år i Kristiansund, sidan 1892 i over 20 år i Kristiansand.
Valeur representerte einmannskrinsen Fæstningen i Kristiansand på Stortinget i 1906-09, der han var medlem av Lagtinget og av gasje- og pensjonskomiteen. I 1905 stifta han Kristiansands og omegn jorddyrkingsselskap, der han vart fyrste formannen. Han var elles medlem av bystyret i Kristiansand.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914