Petter Andersson Dass
Petter Andersson Dass ( Petter Dass d.y.) (30. mars 1708–26. februar 1760)[1] var ein norsk godseigar på Helgeland, fødd på Alstahaug prestegard. Han var son til Rebekka Lorentzsdotter Angell og sokneprest Anders Dass, og soneson til diktarpresten Petter Dass.
Petter Andersson Dass | |
Fødd | 30. mars 1708 |
Død |
26. februar 1760 (51 år) |
Petter Dass (d.y.) flytta inn på Tjøtta gard i 1738, same året som han gifta seg med Susanna Elisabeth Margrethe Bergmann (død 15. april 1744). Dei gjorde Tjøttagarden til eit godssentrum. Etter faren ervde han jordegods og tienderettar i Tjøtta, Vefsn, Alstahaug, Rana og Lurøy. I 1750 kjøpte han allmenningane i Helgeland av staten.
Petter Dass (d.y.) hadde ingen barn då han døydde, og godset han hadde bygd opp, vart selt på auksjon til Isach Coldevin d.e. på Dønnes slik at eigedommane vart ein del av Dønnesgodset.
Kjelder:
endre- ↑ Alstahaug kyrkjebok 1760 s.461 - gravlagt 12. mars 1760
- Axel Coldevin: Jordegods og storgårder i Nord-Norge Lokalhistorisk forlag Espa 1989
- Erik Berntsens slektssider