Opna hovudmenyen

Petter Mikkelsson Mandt (29. november 179428. juni 1860) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Mo i Telemark.

Petter Mikkelsson Mandt
Fødd 29. november 1794
Mo i Telemark
Død

28. juni 1860
Lårdal

Yrke bonde, politikar

Mandt var son av ein garbdukar i Skafså. I guteåra byrja han som gjætargut hos futen Florentz, seinare tilsett på kontoret til futen. Han vart lensmann i Lårdal i 1818, og attåt Mo i 1821. Dessutan var han gardbrukar og han var i mange år inspektør for tømmerfløytinga i Tokkevassdraget. Og elles forlikskommissær og valmann.

Han representerte Bratsbergs amtStortinget i 1836, omframstortinget 1836-37 og Stortinget 1848. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget, 1836 og 1848 også av konstitusjonskomiteen. Han var i 1836 medlem av riksretten.

Mandt døydde på garden sin, Dalen i Lårdal, i 1860. Han var far til målaren Mikkel Mandt.

KjelderEndra