Philipp Nicolai
Philipp Nicolai, (10. august 1556–26. oktober 1608) var ein tysk prest, komponist og salmediktar.
Philipp Nicolai | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 10. august 1556 Bad Arolsen |
Død |
26. oktober 1608 (52 år) |
Yrke | komponist, lyrikar, teolog, salmediktar |
Språk | tysk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Philipp Nicolai på Commons |
Faren hans var òg prest, han hadde gått over til evangelisk-luthersk lære medan Martin Luther enno levde. Philipp hadde ulike tyske salmediktarar, kyrkjemusikarar og prestar som læremeistrar, før han byrja studere teologi i Erfurt og Wittenberg. På grunn av uro etter reformasjonen hadde han eit omflakkande tilvære, i strid med katolikkar, reformerte og kalvinistar.
Medan pesten herja i Unna i Westfalen, skreiv han boka Freudenspiegel des ewigen Lebens. Her står tre av salmane han har skrive , to av dei er kjende i lutherske kyrkjer over heile verda, desse har han òg skrive melodien til:
- Wachet auf, ruft uns die Stimme (Vakna opp, så ljoder luren / Sions vekter hever røsten)
- Wie schön leuchtet der Morgenstern (Ei morgonstjerne klår og fin / Av høyheten opprunnet er /)
Desse to salmane står òg i Norsk salmebok. Melodiane til desse to salmane er nytta til fleire salmar av andre salmediktarar.