Opna hovudmenyen

Mekong er ei elv som renn gjennom fleire land i Søraust-Asia, og ei av dei største elvene i verda. Ho er den tolvte lengste elva i verda med ei lengd på rundt 4 350 km[1] og den tiande største når det gjeld vassføring, med ei årleg vassmengde på 475 km³. Elva har eit tilfangsområde på 795 000 km². Ho renn frå det tibetanske platået i Tibet, gjennon Yunnan-provinsen i Kina og deretter gjennom Burma (Myanmar), Thailand, Laos, Kambodsja og Vietnam, der ho munnar ut i Sørkinahavet.

Mekong
Megaung Myit, แม่น้ำโขง (Maenam Khong), ແມ່ນ້ຳຂອງ, Mékôngk, Tonle Thom (ទន្លេដ៏ធំ, ទន្លេមេគង្គ), Cửu Long, Mê Kông, 湄公 (Méigōng)
elv
Mekong River (Luang Prabang).jpg
Mekong sett frå Luang Prabang i Laos
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina, Flag of Myanmar.svg Burma Flag of Laos.svg Laos, Flag of Thailand.svg Thailand Flag of Cambodia.svg Kambodsja, Flag of Vietnam.svg Vietnam
Lengd 4 350 km
Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
Mekong-elva og nedslagsfeltet hennar.
Wikimedia Commons: Mekong

Elva har store skilnader i vassføring mellom tørre og regnfulle årstider, og dette saman med struk og fossar gjer skipsfart vanskeleg. Elva er likevel ei viktig handelsåre mellom Yunnan og Laos, Myanmar og Thailand.

Namnet «Mekong» er avleidd frå ei samantrekt form av namnet på thai og laotisk, Mae Nam Khong.[2]

Innhaldsliste

ElvelaupEndra

Elva kjem frå Qinghai-fylket i Kina, og renn vidare gjennom Tibet.[3] Ho renn gjennom Yunnanprovinsen i Kina og deretter Myanmar, Laos, Thailand, Kambodsja og Vietnam.

Strekningar med eigne namnEndra

Nokre strekningar av elva har eigne namn, mellom anna

DemningarEndra

I Kina er det bygd seks demningar på Mekong (i 2018).[5]

Jinghong-demninga i Kina er blant dei som held tilbake noko av vassføringa.[4]

KjelderEndra

  1. S. Liu, P. Lu, D. Liu, P. Jin & W. Wang (2009). «Pinpointing source and measuring the lengths of the principal rivers of the world». International Journal of Digital Earth 2 (1): 80–87. doi:10.1080/17538940902746082. 
  2. Nguyen Thi Dieu (1999), The Mekong River and the Struggle for Indochina: Water, War, and Peace, Westport: Praeger, s. 36 
  3. Jeffrey W. Jacobs; Gilbert F. White; Lewis Owen (18. september 2017). «Mekong River». Encyclopædia Britannica. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Nauvarat Suksamran (9. mars 2018). «Stranded boats clog Mekong». 
  5. Dam calamity a wake-up call for Mekong hazards [Demning-katastrofen - en oppvåkning for farar relatert til Mekong]. 2018-07-31.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mekong
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.