Phyllis Francis
Phyllis Chanez Francis (fødd 4. mai 1992) er ein USA-amerikansk tidlegare sprintar som i 2017 vart verdsmeister på 400 meter. Ho har elles vunne OL-gull og to VM-gull i 4 x 400 meter stafett.
Phyllis Francis | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. mai 1992 (32 år) Queens |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2015, Stafett-VM i friidrett 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Francis deltok i VM i friidrett 2015 og vart nummer sju på 400 meter. Året etter kom på ho på femteplass på 400 m under sommarleikane i Rio de Janeiro, før ho var med å vinne gullmedaljen i 4 x 400 meter stafett. Noko overraskande sigra ho på 400-meteren i verdsmeisterskapen i London, der ho sette personleg rekord på 49,92 sekund. Fire dagar seinare fekk ho æra av å springe USA inn til ein suveren siger i den lange stafetten. Francis presterte livsbeste 49,61 sekund i VM-finalen 2019, men vart ikkje betre enn nummer 5 i løpet. Deretter tok ho seg av startetappen då USA enno ein gong tok VM-gull i 4 x 400 m stafett.
Kjelder
endre- World Athletics
- «Phyllis Francis» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 19. april 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Phyllis Francis» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2023.