Pikkels

(Omdirigert frå Pickle)
Ulike typar grønsakpikkels.

Pikkels (engelsk pickles) er ei mattilreiing av bitar av frukt eller grønsaker lagt ned i krydra eddiklake eller saltlake.[1] Pikkelsagurk er særs vanleg i Noreg og Nord-Amerika, medan britisk pikkels kan vera søtare og meir chutneyaktig. Sørasiatisk pikkels kan også vera laga med matolje og mange ulike krydder. Ein oppbevarar ofte pikkels på glas. Ulike typar pikkels blir gjerne servert saman med ulike rettar som karri, pølse i brød eller fish and chips.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Pikkels