Opna hovudmenyen
Picture Music
Studioalbum av Klaus Schulze
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 46:45 (original)
79:57 (nyutgjeving)
Selskap Brain
Produsent Klaus Schulze
Kritikk

Allmusic 1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Klaus Schulze-kronologi
Blackdance
(1974)
Picture Music Timewind
(1975)


Picture Music er det fjerde albumet med elektronisk musikk av den tyske musikaren Klaus Schulze. Det vart spelt inn seint i 1974 og kom ut i januar 1975 på Brain Records. Dette er det einaste soloalbumet til Klaus Schulze der ein kan høyre han spele trommer. TIdlegare i karrieren sin hadde han spelt trommer i banda Ash Ra Tempel og Tangerine Dream. På seinare album spelte ofte Harald Großkopf frå Wallenstein trommer. Som mange av albuma til Schulze, inneheld det eit langt musikkstykke på kvar side.

Innspeling og utgjevingEndra

Tidlegare trudde ein at Picture Music var det tredje albumet til Schulze, og at det kom før Blackdance (1974), på grunn av feiltrykk på plateomslaget som sa at det vart spelt inn i 1973. Sidan vart det oppdaga at albumet ikkje vart spelt inn før i 1974.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Klaus Schulze. 

# Tittel Lengd
1. «Totem»   23:53
2. «Mental Door»   23:02
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Lengd
3. «C'est pas la même chose»   33:00

MedverkandeEndra

  • Klaus Schulze – EMS VCS3 synthesizer, ARP Odyssey synthesizer, ARP 2600 synthesizer, Farfisa Professional Duo orgel, trommer, perkusjon

KjelderEndra

  1. Picture MusicAllmusic