Pictures of Matchstick Men

Pictures of Matchstick Men
Singel av The Status Quo
frå albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo
B-side

«Gentleman Joe's Sidewalk Café»

Språk engelsk
Utgjeve 5. januar 1968
Sjanger
Lengd 3:09
Selskap Pye (Storbritannia)
Cadet Concept (Nord-AMerika)
Komponist Francis Rossi
Tekstforfattar Francis Rossi
Låtskrivar(ar) Francis Rossi
Produsent John Schroeder
The Status Quo-kronologi 
Pictures of Matchstick Men «Black Veils of Melancholy»
(1968)


«Pictures of Matchstick Men» er den første hitsingelen til Status Quo, gjeve ut den 5. januar 1968.

Songen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, åttandeplassen i Canada og 12. plassen på Billboard Hot 100, og vart den einaste hitsingelen deira i USA.[3][4][5] Opphavleg var det meininga at B-sida til singelen, «Gentleman Joe's Sidewalk Cafe», skulle vere A-sida.

Det finst to versjonar av songen, ein i stereo og ein i mono, som har større skilnader. Monoversjonen, som var den originale singelversjonen, har ein wah-wah-gitar i mellomspelet mellom versa, medan stereoversjonen ikkje har denne.

Songen opnar med ein enkel gitartone som spelar eit riff på fire notar, før bass, rytmegitar, trommer og vokal kjem inn. «Pictures of Matchstick Men» er ein av fleire songar frå seint i 1960-åra som brukar phasing-effekt. Den neste singelen til bandet, «Black Veils of Melancholy», var liknande, men selde dårleg.[6]

Camper Van Beethoven-versjonen endre

Pictures of Matchstick Men
Singel av Camper Van Beethoven
frå albumet Key Lime Pie
Språk engelsk
Utgjeve 1989
Sjanger Psykedelisk rock
Selskap Virgin
Komponist Francis Rossi
Tekstforfattar Francis Rossi
Låtskrivar(ar) Francis Rossi

I 1989 fekk Camper Van Beethoven ein hit på den amerikanske Billboard's Modern Rock Tracks-lista med ein versjon frå albumet Key Lime Pie. Eit av instrumenta på denne versjonen er ein fiolin.[7] Denne versjonen vert spelt mot slutten av Ray Donovan-episode 7 i sesong 5.[8]

Andre versjonar endre

Andre som har spelt inn songen er mellom andre Ozzy Osbourne og Type O Negative i 1997 for filmen Private Parts.

I 2002 gav Death in Vegas ut «Scorpio Rising» som kom med eim remiksa instrumentalversjon av «Pictures of Matchstick Men».

Kjelder endre

  1. DeRogatis, Jim (2003). «Ten Great Psychedelic Rock Songs». Turn On Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Hal Leonard Corporation. s. 162. ISBN 0-634-05548-8. 
  2. Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists (4th utg.). Hal Leonard Corporation. s. 113. ISBN 0-7935-4042-9. 
  3. «BBC - Music / Profiles - Status Quo». BBC. British Broadcasting Corporation. 2006. Arkivert frå originalen 10. oktober 2006. Henta 2. oktober 2018. 
  4. «The enduring appeal of Status Quo». BBC News. British Broadcasting Corporation. 9. desember 2005. Henta 2. oktober 2018. 
  5. staff (12. november 2008). «Cue The Quo». Aberdeen Press and Journal (Aberdeen, Scotland: Aberdeen Journals). OCLC 29379669. Henta 2. oktober 2018. 
  6. Rawlings, Terry (1. november 2002). Then, Now and Rare British Beat 1960-1969 (illustrated utg.). London, England: Omnibus Press. ISBN 9780711990944. OCLC 50272043. Henta 2. oktober 2018. 
  7. Akamatsu, Rhetta (11. februar 2014). «Music Review: Camper Van Beethoven – Key Lime Pie [Reissue]». 
  8. Tallerico, Brian (24. september 2017). «Ray Donovan Recap: Confessions». Vulture. Henta 15. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff endre