Piera Heaika Muotka

norsk politikar

Piera Heaika Muotka (fødd 21. juli 1992) er ein norsk samisk politikar frå Nesseby som har sete på Sametinget for Norske Samers Riksforbund (NSR) sidan 2013. Han er vald frå Sør-Noreg valkrins og sit som nestleiar i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen. Han har vore parlamentarisk nestleiar i NSR.[1]

Piera Heaika Muotka

Fødd21. juli 1992 (31 år)
Nesseby kommune
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2013–2017)
  • sametingsrepresentant (2017–2021)
  • sametingsrepresentant (2021–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

I perioden 2013–2016 møtte han fast for Henrik Olsen, som sat i sametingsrådet. Då Arbeidarpartiet tok over rådet i desember 2016, vart Olsen fast medlem av Sametinget att, og Muotka sat som vararepresentant resten av perioden.

Muotka er grafisk designar utdanna på Westerdals Oslo ACT.

Kjelder endre

  1. NSR, Nytt parlamentarisk lederskap i NSR – NSR (på norsk bokmål), henta 8. juli 2019 

Bakgrunnsstoff endre