Piero Gros (fødd 30. oktober 1954) er ein italiensk tidlegare skirennar, frå Sauze D'Oulx i provinsen Torino, som vann Verdscupen i alpine greiner 1974 og vart olympisk meister i slalåm under Vinter-OL 1976 i Innsbruck.

Piero Gros

Piero Gros i 1973
Statsborgarskap Italia
Fødd 30. oktober 1954 (69 år)
Sauze d'Oulx
Yrke alpinist, politikar
Språk italiensk
Høgd 180 centimeter
Piero Gros på Commons

Aktiv endre

Gros slo gjennom i desember 1972 då han vann sine to fyrste sigrar i verdscupen, ein i storslalåm og ein i slalåm. Fram til januar 1975 vann han i alt 12 verdscuprenn, sju i storslalåm og fem i slalåm.

Ved VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz fekk Gros bronsemedaljen i storslalåm, slått av landsmannen Gustav Thöni og austerrikaren Hansi Hinterseer. To år seinare vann Gros gullmedaljen i slalåmrennet under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, der Gustav Thöni ordna italiensk dobbeltsiger.

Ettersom svensken Ingemar Stenmark hadde etablert seg som den fremste slalåm- og storslalåm-utøvaren i verda, var det ein opptur for Gros å vinne sølvmedaljen då VM i alpine greiner 1978 fann stad i Garmisch-Partenkirchen. Fire år etter kom Gros på sjetteplassen i slalåm under alpin-VM i Schladming. Han la bort konkurranseskia etter 1982-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar