Pierre-Gilles de Gennes
Pierre-Gilles de Gennes (24. oktober 1932 –18. mai 2007 ) var ein fransk fysikar og nobelprismottakar i fysikk. Han arbeidde hovudsakleg med nøytronspreiing og magnetisme.
Pierre-Gilles de Gennes | |||
Pierre-Gilles de Gennes | |||
Fødd | Pierre-Gilles Robert Yves de Gennes 24. oktober 1932 Paris i Frankrike | ||
---|---|---|---|
Død | 18. mai 2007 (74 år) Orsay i Frankrike | ||
Nasjonalitet | Fransk | ||
Område | Faststofffysikk, mjuke materiale | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | ESPCI Collège de France Paris-Sud 11 University | ||
Alma mater | École Normale Supérieure | ||
Doktorgradsrettleiar | Charles Kittel Francis Jean Perrin André Herpin | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1991) Lorentzmedaljen (1990) Wolfprisen (1990) | ||
Sambuar | Françoise Brochard-Wyart | ||
Barn | Claire Wyart, Matthieu Wyart, Marc de Gennes, Christian de Gennes, Marie-Christine Picard de Gennes | ||
Medlem | Royal Society Det franske vitskapsakademiet National Academy of Sciences Ukrainas nasjonale vitenskapsakademi American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Australian Academy of Science Academia Brasileira de Ciências Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen |
Han studerte ved École Normale Supérieure etter å ha fått heimeundervisning i 12 år. Etter studiene jobba han som forskingsingeniør ved Commissariat à l'Energie Atomique.
I 1959 vart han postdoktor ved University of California i Berkeley. Deretter var han dei neste 27 månadane i den franske marinen. I 1961 vart han amanuensis i Orsay. I 1968 byrja han å studere flytande krystall.
Han var direktør ved École Supérieure de Physique et de Chimie Industrielles de la Ville de Paris (ESPCI) frå 1976 til 2002. Han vart tildelt Lorentzmedaljen og Wolf-prisen i 1989. I 1991 fekk han Nobelprisen i fysikk for «å oppdaga at metodar som er utvikla for å studera andre fenomen i enkle system kan generaliserast til meir komplekse materieformer, særskilt til væske-krystallar og polymerar.».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pierre-Gilles de Gennes» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.