Pierre Deligne
belgisk matematikar
Pierre René Deligne (fødd 3. oktober 1944) er ein belgisk matematikar. Han arbeidde ved Institut des Hautes Études Scientifiques i Paris frå 1968, og vart professor ved Institute for Advanced Studies i Princeton i USA i 1984. Deligne vart tidleg kjend då han fann løysinga til tre kjende formodningar sett fram av André Weil. Dette omfatta ei blanding av algebraisk geometri og algebraisk talteori og gjorde at Deligne fekk Fieldsmedaljen i 1978. Løysingane til Deligne kravde innføring av ein ny type algebraisk topologi. Deligne har òg arbeidd med andre problem innan mange område av matematikken.
Pierre Deligne | |
![]() | |
Fødd | 3. oktober 1944 Etterbeek |
---|---|
Nasjonalitet | Belgia |
Område | algebraisk geometri, talteori |
Yrke | matematikar, universitetslærar |
Institusjonar | Institute for Advanced Study |
Alma mater | Université libre de Bruxelles Université libre de Bruxelles |
Doktorgradsrettleiar | Alexandre Grothendieck |
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet Det Norske Videnskaps-Akademi Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences |
KjelderEndra
- Pierre René Deligne. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Pierre_René_Deligne