Pikkels
Pikkels (engelsk pickles) er ei mattilreiing av bitar av frukt eller grønsaker lagt ned i krydra eddiklake eller saltlake.[1] Pikkelsagurk er særs vanleg i Noreg og Nord-Amerika, medan britisk pikkels kan vera søtare og meir chutneyaktig. Sørasiatisk pikkels kan også vera laga med matolje og mange ulike krydder. Ein oppbevarar ofte pikkels på glas. Ulike typar pikkels blir gjerne servert saman med ulike rettar som karri, pølse i brød eller fish and chips.
Galleri
endre-
Haitisk pikliz
-
Polsk pikkelsagurk
-
Polsk blanda pikkels
-
Mangopikkels (achar)
-
Japansk umeboshi
-
Pikkels av Sesuvium portulacastrum, ein vassplante