Pint
Pint er ei gammal engelsk måleining for volum med symbol pt. Han er lik 1/8 gallon. I Storbritannia er måleininga berre brukt for væsker. 1 pt = 20 fluid ounce (fl oz) som er 0,568 liter. I USA er eininga for væske 1 lq pt = 16 fl oz = 0,473 liter, for tørre varar 1 dry pt = 1/64 bushel = 0,551 liter. Ein fransk pinte var 0,931 liter, og vart ved innføringa av metersystemet foreslått som namn på liter. Pint tydde opphavleg merke på eit målekar, og ordet er nærskyldt med norsk pel. Pint blir delt i fire gills.
Kjelder
endre- Pint. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/pint.