Pipéri
Pipéri (gresk Πιπέρι) er ei øy i Hellas i øygruppa Dei nordlege Sporadane. Ho er den austlegaste av småøyane kring Alónnisos og er administrativt ein del av kommunen Alónnisos. Etter ei folketeljing i 2021 hadde øya 6 innbyggjarar.[1]
Dei næraste øyane er Joúra i vest og Psathoúra i nordvest.
Pipéri er verna og all ferdsel nær øya er forbode. Årsaka til dette er for å verne om selbestanden i området i tillegg til fuglane som hekkar her. Pipéri er omgjeve av bratte klipper og vegetasjonen er hovudsakleg dominert av furuskog, men det er òg noko kristtorn. I alt er det 33 fugleartar på øya og om lag 350-400 par av eleonorafalk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Piperi, Greece» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2007.
- Nasjonal marin naturpark sone A Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Referansar