Pissoar
Pissoar (frå fransk pissoir), eller pissehus, er eit lite ope hus på offentlege stader der gutar og menn kan skjule seg for omverda medan dei urinerer i eit urinal, ei renne eller ei skål med avløp. På fransk vert slike pissehus på offentlege stader, til dømes på fortauet langs ei gate, kalla vespasienne.
Foto: Helge Høifødt
Nemninga pissoar vert òg nytta om ei avdeling på eit herretoalett der det er laga til skålar eller renner, urinal, som ein kan late vatnet i på same måten. Det finst òg urinal som kan nyttast av både menn og kvinner.
-
Urinal av porselen på eit herretoalett
-
Renne i rustfritt stål
-
Urinal for båe kjønna