Piz Kesch (tysk) eller Piz d'Es-cha (retoromansk) er ein 3 418 meter høg fjelltopp i Albulafjella i Dei rätiske Alpane i Sveits. Fjellet er det høgste i Albulafjella.

Piz Kesch
Piz d'Es-cha
fjell
Frå vest
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Fjellkjede Albulafjella, Dei rätiske Alpane
Høgd 3 418 moh.
Primærfaktor 1 503 m ↓  mot Mont Blanc
Koordinatar 46°37′16.7″N 9°52′21.4″E / 46.621306°N 9.872611°E / 46.621306; 9.872611
Førstestiging J. Coaz
 - dato 1846
Kart
Piz Kesch
46°37′17″N 9°52′21″E / 46.621305555556°N 9.8726111111111°E / 46.621305555556; 9.8726111111111
Wikimedia Commons: Piz Kesch

Geografi endre

Piz Kesch er del av ei fjellkjede i dei søraustlege alpefjella i Sveits som er skilje mellom nedslagsfelta til Rhinen (Nordsjøen) og Donau (Svartehavet). Det er òg den høgste fjelltoppen i Aust-Alpane som ligg nord for elva Inn. På nordsida av fjellet ligg isbreen Porchabella.

Vest for Piz Kesch ligg Albulapasset (Pass d'Alvra på retoromansk); mot nord leier dalen der Davos ligg, og i sør ligg Oberengadin. Landsbyen Madulain i Engadin ligg ved foten av Piz Kesch.

Den tårnforma toppen av Piz Kesch vart kliven fyrste gongen 7. september 1846 av C. Casper, Johann Coaz, J. Rascher og J. R. Tscharner.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre