Planteklipparar

slekt av sporvefuglar

Planteklipparar er ei biologisk slekt Phytotoma av sporvefuglar i kotingafamilien Cotingidae. Dei var tidlegare i sin eigen familie, Phytotomidae.

Planteklipparar
Chileplanteklippar, Phytotoma rara Foto: dfaulder
Chileplanteklippar, Phytotoma rara
Foto: dfaulder
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Tyrannida
Familie: Kotingaer Cotingidae
Slekt: Planteklipparar Phytotoma
Molina, 1782

Dette er robuste fuglar i open skog, kratt og på jordbruksland i sørlege og vestlege Sør-Amerika. Dei liknar finkar, og er blant dei få primært bladetande fuglar som finst, sjølv om dei òg et litt frukt, bær og blomar. Fellesnamnet er ein referanse til det kraftige nebbet med fine tennene langs ein kvass kant - ei tilpassing for å kutte plantemateriale.

Dei er kjønnsdikromatiske, med hannar som har svarte venger med kvite flekker, og delvis raudbrun underside. Fjørdrakta av hoene er gråkvit eller brunkvit med tette mørke striper.

Planteklipparar lever i par og legg 2-4 brunflekka grøne egg i reir plassert i tre. Berre hofuglen rugar, men begge kjønn deltar i reirbygginga og omsut for ungar. Ungane blir nesten utelukkande fôra med insekt.

Artslista

endre

Planteklipparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)