Opna hovudmenyen

Plateau-stasjonen er ein nedlagd amerikanske forskingsstasjon og støttebase for reiser over Dronning Maud Land på det sentrale Antarktisplatået. Bygginga starta den 13. desember 1965, og den første gruppa nådde fram tidleg i 1966. Basen var in kontinuerleg bruk til 29. januar 1969, då han vart stengd for framtidig bruk,[1] og var den mest fjerntliggande og kaldaste av alle dei amerikanske stasjonane på kontinentet.[2] Den lågaste månadsmiddeltemperaturen som nokon gong er målt vart registrert her i 1968 med -73,2 ºC.[3]

Plateau-stasjonen
stasjon
Plateau Station Antarctica 1968.jpg
Plateau-stasjonen i Antarktis i 1968
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 79°15′3″ S 40°33′38″ E
Administrert under Antarktistraktaten
Plateau-stasjonen is located in Antarktis
Plateau-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Plateau Station

Stasjonen vart styrt og driven av National Science Foundation og US Navy. Eit utvald lag på fire forskarar og fire marinepersonell var konstant i teneste på stasjonen, som vart kommandert av ein lege frå marinen. Stasjonen vart opphavleg utforma for bruk i to år, men var i bruk i tre år.[4]

Fram til Fuji Dome-stasjonen vart opna i 1995, var han den høgastliggande utposten med ei høgd på 3624 moh. Den effektive høgda, på grunn av den polare virvelen var i overkant av 4000 moh, noko som gjorde basen nyttig for forsking i stor høgd. Sjølv om det aldri vart like låg kulderekord som på Vostok-stasjonen, var middeltemperaturen alltid lågare.

Bygningane på basen vart sett saman av fem prefabrikkerte bygg flydd inn av eit Hercules C-130-fly utstyrt med ski. Fire einingar danna hovudbygningen, som målte 8x25 meter, den mindre Jamesway-hytta vart bygd 300 meter unna. To dieselgeneratorar gav den energien som hovudbygget trengde, medan ein annan generator vart sett ved hytta. Ein 3500 meter lang landingsplass vart bygd for lufttransport. Eit 32 meter høgt meteorologisk tårn vart reist med instrument for å måle temperaturen i inversjonslaget over den antarktiske snøen.

Eit av hovudmåla med basen var solobservasjonar, på grunn av den store høgda, den reine lufta og den relativt korte avstanden til sola under den australske sommaren.

Den 22. desember 2007, vitja den norsk-amerikanske kryssinga av Aust-Antarktis basen og gjekk inn i bygningane. Dei var då stort sett intakte.[5]

KjelderEndra

  1. Ted Scambos. «Plateau Station». norske-U.S. Scientific Traverse of East Antarctica. Henta 9. mars 2014. 
  2. «U.S. Stations and Camps in Antarctica». Henta 9. mars 2014. 
  3. Burt, Christopher (2007). Extreme Weather: A Guide & Record Book. Mark Stroud. W. W. Norton & Company. s. 56. ISBN 0-393-33015-X. The lowest average temperature for any single month was recorded at the Plateau Station ... under July 1968... 
  4. Cosenza, J. P.; Weber, A. M. (november 1967). «PLATEAU STATION i Antarktis-CONCEPT, DESIGN, CONSTRUCTION, AND INITIAL OCCUPANCY». Defense Technical Information Center. Henta 9. mars 2014. 
  5. Mary Albert. «Discovering historic Plateau Station». Norwegian-U.S. Scientific Traverse of East Antarctic. Henta 9. mars 2014.