Grappa musikkforlag
Grappa musikkforlag A/S er eit norsk plateselskap som vart skipa i 1983.
Grappa dekkjer fleire musikalske sjangrar, og er kjend for å vera det norske plateselskapet som har representert flest artistar nominerte til Spellemannprisen. Selskapet har sitt eget merke, «Grappa», for viser og pop. Selskapet overtok plateselskapet Heilo som framleis er eit eige merke for folkemusikk (1995–). Klassisk musikk vert seld under merket Simax Classics, som også tilhøyrer Grappa (1997–). Vidare eig det halvparten av Barneselskapet (Egmont eig den aldre halvparten) for sal av barnemusikk, Blue Mood Records (for blues), Elevator Music og tyske ECM (jazz). Grappa har eit lengre samarbeid med Norsk Komponistforening og distribuerer samtidsmusikk under merket «Aurora».
Grappas debutantpris
endreI 2006 skipa selskapet «Grappas debutantpris» til artistdebutantar under 30 år. Direktør er Helge Westbye. Westbye fekk, saman med Grappa Bjellesauprisen frå FONO i 1997 for sin innsats innan både breie og smale musikkategoriar i fleire år.
Prisvinnarar
endre- 2006: Valkyrien Allstars
- 2007: Gjermund Larsen
- 2008: Siri Nilsen
- 2009: Frida Ånnevik
- 2010: Ingen vinnarar.
- 2011: Moskus [1]
- 2012: Erlend Apneseth[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Grappa (plateselskap)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2012.
Fotnotar
endre- ↑ NRK, 20.10.11: Trioen Moskus vant Grappas Debutantpris
- ↑ Grappas debutantpris 2012 til Erlend Apneseth[daud lenkje] ved follkemusikk.no