Frida Ånnevik
Frida Ånnevik (fødd 18. juni 1984) er ein norsk artist frå Hamar.
Frida Ånnevik | |||
Frida Ånnevik under Kongsberg Jazzfestival i 2019. Foto: Tore Sætre | |||
Fødd | 18. juni 1984 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hamar kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | vokaljazz, jazz | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Grappa | ||
Verka som | songar, jazzmusikar | ||
Far | Tor Karseth | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets tekstforfatter, Neshornprisen, Hedmark fylkeskommunes kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Vidar Sandbecks kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen for årets hit |
Karriere
endreÅnnevik vann Grappas debutantpris i 2009, og gav ut debutalbumet Synlige hjerteslag året etter. Albumet fekk 10 av 10 poeng på NRK P1-programmet Norsk på norsk.[1] I 2010 vann ho Tekstforfatterfondets debutantpris Lyspunkt, som vert delt ut av NOPA.[2] For albumet vart ho dessutan nominert i to kategoriar i Spellemannprisen 2010: årets nykomar og viser.[3] I 2011 blei ho tildelt Vidar Sandbecks kulturpris.
I 2013 gav Ånnevik ut albumet Ville ord. For albumet vann ho Spellemannprisen 2013 i klassen tekstforfattar og vart i tillegg nominert i klassen viser. I 2014 vart ho tildelt Neshornet, avisen Klassekampens kulturpris. Saman med In The Country gav ho ut albumet Skogens sang i 2014. Albumet vart nominert til Spellemannprisen 2014 i open klasse. Ho gav ut albumet Her bor i 2016, og vann for det Spellemannprisen 2016 i klassen viser.[4] Ho vann ytterlegare to spellemannprisar for sine to neste album, Flyge fra under Spellemannprisen 2017[5] og Andre sanger under Spellemannprisen 2019[6], begge i kategorien viser.[7]
Ånnevik har spela inn songar med Odd Nordstoga, Don Martin, Guren Hagen og Chris Holsten.
Familie
endreÅnnevik er dotter av visesongaren Tor Karseth.
Diskografi
endreAlbum
endre- 2010: Synlige hjerteslag
- 2013: Ville ord
- 2014: Skogenes sang – saman med In the Country
- 2014: Lyden av Prøysen
- 2016: Her bor
- 2017: Flyge fra
- 2019: Andre sanger
Prisar og nominasjonar
endre- Tekstforfatterfondets lyspunktpris 2010
- Nominert til Spellemannprisen 2010 i klassen viser for Synlige hjerteslag
- Nominert til Spellemannprisen 2010 i klassen årets nykomar
- Vidar Sandbecks kulturpris 2011
- Spellemannprisen 2013 i klassen tekstforfatter for Ville ord
- Nominert til Spellemannprisen 2013 i klassen viser for Ville ord
- Neshornet, Klassekampens kulturpris 2014
- Nominert til Bendiksenprisen 2014
- Nominert til Spellemannprisen 2014 i open klasse for Skogens sang (saman med In The Country)
- Hedmark fylkeskommunes kulturpris 2015
- Prøysenprisen 2015
- Spellemannprisen 2016 i klassen viser for Her bor
- Nominiert til Bendiksenprisen 2017
- Spellemannprisen 2017 i klassen viser for Flyge fra
- Spellemannprisen 2019 i klassen viser for Andre sanger
- Nominert til Spellemannprisen 2019 i klassen årets tekstforfattar for Andre sanger[8]
- Spellemannprisen 2020 i klassen årets låt for «Hvis verden» saman med Chris Holsten[9]
- Skjæraaseprisen 2020
- Gammleng-prisen 2021 i klassen songar[10]
Kjelder
endre- ↑ Årets beste plate på norsk. NRK Hedmark og Oppland.
- ↑ 9. desember 2010: NOPA-priser Arkivert 2011-02-27 ved Wayback Machine..
- ↑ Spellemannprisnominerte 2010. Frå spellemann.no.
- ↑ Kjetil Brorson Dahl (28. januar 2017): Frida Ånnevik vant Spellemann. Østlendingen
- ↑ «Se alle Spellemann-vinnerne her». nrk.no. 25. februar 2018. Henta 26. februar 2018.
- ↑ «Spellemannvinnere». nrk.no. 1. mai 2020. Henta 1. mai 2020.
- ↑ Frida Ånnevik - Portrettintervju i Klassekampen 11. juli 2020
- ↑ «Spellemannominasjoner 2019». nrk.no. 7. februar 2020. Henta 8. februar 2020.
- ↑ «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». nrk.no. 12. februar 2021. Henta 16. april 2021.
- ↑ «Rolf Gammlengs pris våren 2021». ffuk.no. 1. juni 2021. Henta 11. juni 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Frida Ånnevik» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2023.