Pledge of Allegiance
Pledge of Allegiance (norsk 'lojalitetsforplikting') er ein truskapseid til USA. Han blir utført ved mange offentlege hendingar i landet. Møte i Kongressen opnar til dømes med sitering av eiden.
Eidsavseiinga kombinert med høgrearmen utstrekt i romersk helsing, såkalla bellamyhelsing, blei skapt av Francis Bellamy og første gong kunngjort i 1892. På grunn av likskapen med «hitlerhelsing» blei gesten erstatta av å ha høgre hand på hjartet frå 1942. Andre gestar har vore løfta høgrearm med handflata opp og utstrekt hand lagt vassrett på tvers av brystet.
Teksten til den noverande Pledge of Allegiance er slik:
« | I pledge allegiance
to the flag |
» |
Teksten er blitt endra ein del i historia. I den opphavlege versjonen var ikkje linja One Nation under God med. På grunn av det store fleirtalet av kristne i USA blei denne linja teken med i 1954, og denne versjonen er den absolutt mest kjende. Det er òg blitt gjord andre små endringar av mindre tyding, men den versjonen som blir brukt i dag har altså vore uendra sidan 1954.
Ein skal lesa opp eiden i gjevakt med andletet mot flagget og høgre hand over hjartet. Om ein ikkje er iført uniform, skal menn fjerna alle ikkje-religiøse hovudplagg med høgre hand og halda dei ved venstre skulder, med handa over hjartet. Personar i uniform skal bli verande stille, med andletet mot flagget, medan dei utfører den militære helsinga.[1]
Referansar
endre- ↑ Title 4, Kapittel 1, seksjon 4, US Code, arkivert frå originalen 14. oktober 2012, henta 21. november 2018
- Denne artikkelen bygger på «Pledge of Allegiance» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2021.