Uniform (lat., 'einsarta') er klesdrakter som i stor grad er eins for ei gruppe, og viser at dei som ber han er medlemmer av gruppa. Delar av uniforma kan òg visa kva rang eller funksjon beraren har i gruppa. Ein kan bruka uniform for å identifisera medlemmer av gruppa, både for andre medlemmer og for utanforståande, og for å skapa kjensler av likskap eller fellesskap.

Marsjerande italienske soldatar i uniform.
Livgarden til dronninga i uniformer utforma på 1600-talet. (Foto: Adrian Pingstone)

Uniformer kan ta mange former, frå einsfarga kjeledressar til prangande paradeuniformer. Det dei ofte har felles er at dei skil seg frå kleda ein bruker i resten av samfunnet. Med moderne uniformer kan skiljet vera lite, til dømes gjennom valet av ein særskild farge på tøyet. Drakter med lengre tradisjon bak seg vil derimot vera svært ulike daglegtøy. Medan vanleg klesdrakt stadig endrar seg, vil nemleg uniformer halda seg til den opphavlege utforminga si om ikkje ein autoritetsperson sørgjer for at dei blir oppdaterte.

Bruk endre

Uniform blir brukt av mange ulike grupper. Ein kan dela dei inn i:

  • Uformelle uniformer som medlemmer av ei mindre gruppe i eit samfunn (ofte kalla «subkultur») ber, mellom anna for å skilja seg ut frå andre og kjenna fellesskap med kvarandre. Døme på slike grupper er pønkarar og gothar.
  • Religiøse klede, det vil seia klede ein ber fordi ein høyrer til ein viss religion, kan tidvis bli oppfatta som uniformer. Dette gjeld særleg grupper som meiner dei er særs religiøse, til dømes geistlege, asketar og ortodokse/fundamentalistar.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uniform