Plessurfjella

(Omdirigert frå Plessuralpane)

Plessurfjella er ei fjellkjede i Alpane aust i Sveits. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjella er kalla opp etter elva Plessur, som spring ut midt i fjella. Plessurfjella er fråskilde Glarus-Alpane i vest av Rhinendalen; frå Rätikonfjella i nord av Landquartdalen (Prättigau); frå Albulafjella i søraust av Landwasserdalen; og frå Oberhalbsteinfjella i sør av Albuladalen.

Plessurfjella
Fjellkjede
Aroser Weisshorn (2 653 moh)
Land  Sveits
Stat Graubünden
Del av Dei sentrale Alpane
Høgaste punkt Aroser Rothorn
 - høgd 2 985 moh.
 - koordinatar 46°44′N 9°38′E
Kart
Plessurfjella
46°43′0″ N 9°37′0″ E
Wikimedia Commons: Plessur Range

Plessurfjella vert drenerte av elvane Rhinen, Plessur, Landwasser og Landquart. Vintersportsstaden Arosa ligg midt i fjellkjeda.

Av fjelltoppar i Plessurfjella finn ein Aroser Rothorn (høgast på 2985 moh.) og Stätzer Horn (2576 moh.).

Fjellovergangar i Plessurfjella er Strela-passet, frå Davos til Langwies, på 2377 moh.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre