Pliska Ridge
Pliska Ridge (Vrah Pliska) er ein rygg med tre toppar og ei høgd opp mot 667 meter over havet aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Den sentrale og høgaste toppen, Pliska Peak, ligg 2,48 km aust-nordaust for Willan Nunatak (449 m), 1,81 km søraust for Burdick Peak (773 m, toppen av Burdick Ridge), 3,53 km sør-sørvest for Mount Bowles, 3,68 km vest-sørvest for Kuzman Knoll og 3,61 km nordvest for Mount Friesland. Ryggen er 1,6 km lang og 500 m brei, og strekkjer seg frå aust til vest. Sørsida er stupbratt. Han er isdekt utanom somme område på austtoppen og grensar i nordvest til Orpheus Gate, i nord til toppen av Perunika Glacier, i aust til Nesebar Gap, og i sør og vest til Huntress Glacier.
Pliska Ridge | |||
rygg | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°38′44″S 60°13′49″W / 62.64556°S 60.23028°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Pliska Ridge 62°38′44″S 60°13′49″W / 62.645555555556°S 60.230277777778°W | |||
Han vart først klatra av bulgararane Ljubomir Ivanov frå Camp Academia den 18. desember 2004.
Pliska er namnet på ein busetnad nordaust i Bulgaria som på 600-talet vart hovudstad i Det første bulgarske riket.