Perunikabreen (Lednik Perunika) er ein omtrent halvmåneforma isbre aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.

Perunikabreen
isbre
Perunikabreen frå Catalunyan Saddle.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°36′45″S 60°15′48″W / 62.61250°S 60.26333°W / -62.61250; -60.26333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Perunikabreen
62°36′45″S 60°15′48″W / 62.6125°S 60.2633°W / -62.6125; -60.2633
Perunikabreen is located in Antarktis
Perunikabreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Perunika Glacier

Han grensar til Pliska Ridge i sør-sørvest, Nesebar Gap i sør, Wörner Gap i aust, og Bowles Ridge i nord-nordaust. Han flyt nordvestover mellom Burdick Ridge og Bowles Ridge, så nord for Rezen Knoll før han snur vest-sørvest og til enden av Emona Anchorage mellom Bulgarian Beach og Pimpirev Beach.

Enden av breen.

Det er mange bresprekkar i den nedre delen av breen, som får istilførsel frå Balkan snømark og frå delar av innlandsisen på øya som ligg vest for Hemus Peak og Gurev Gap og sør for Saedinenie snømark.

Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Isbreen vart kartlagt av spanske Servicio Geográfico del Ejército i 1991, den nedre delen i større detalj. Bulgarar kartla enden av Perunikabreen på ny sommaren 1995-96; og igjen i 2005 og 2009 under den bulgarske topografiske undersøkinga Tangra 2004/05.

Perunika er namnet på ein landsby i Rodopifjella sør i Bulgaria.

Bakgrunnsstoff endre