Ploiești
Ploiești (/plo'jeʃtʲ/, eldre namn Ploești) er ein by i Romania. Han er fylkeshovudstad i Prahova fylke og ligg i den historiske regionen Valakia, 56 km nord for București. Byen har om lag 180 000 innbyggjarar og er den niande største i landet.
Ploiești | |||
---|---|---|---|
Gammalt herskapshus i Ploiești, no museum | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Prahova | ||
Grunnlagd | 1596 | ||
Borgarmeister | Andrei Volosevici | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Storbyområde |
58,2 km² 787.8 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
180 540 3 102,1 /km² | ||
Koordinatar | 44°56′24″N 26°1′48″E / 44.94000°N 26.03000°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 100000 | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 44 | ||
Bilnummer | PH | ||
Nettstad: www.ploiesti.ro |
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1596 under styret til Mihai Viteazul (Mikael den modige). På 1600- og 1700-talet blømde byen raskt som eit senter for handel og handverk. Vegsambandet mellom Ploiești og Brașov opna i 1864 og jernbanen kom til byen i 1882. Mange skular og sjukehus vart bygd i byen på denne tida.
Midt på 1800-talet var Ploiești-region eit av dei leiande oljeutvinning og raffineriområda i verda. Byen er òg kjend som åstad for den sjølvtittulerte Republikken Ploiești, eit kortvarig opprør i 1870 mot Kongedømet Romania. I mellomkrigstida auka den lokale industrien særleg innan raffinering av petroleum. Store oljeselskap, dei fleste av dei utanlandske, starta verksemder i byen. I 1939 var det til dømes 12 raffineri i Ploiești som produserte 80% of den totale petroleumsmengda i Romania.
Sjølv om byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1940, vart byen den viktigaste oljekjelda for Nazi-Tyskland under den andre verdskrigen, då Romania var alliert med Tyskland. Sidan han låg relativt langt unna flyplassar vart ikkje Ploiești bombardert av dei allierte før 1943, då US Air Force sette i gang Operation Tidal Wave frå Nord-Afrika den 1. august. 178 bombefly av typen B-24 Liberator bombarderte alle raffineria og byen vart den mest utbomba i heile Romania under krigen. Det meste av skadane vart derimot raskt reparert. I april 1944 utførte dei allierte fleire avgjerande åtak frå flybasar i Italia. Til slutt vart byen erobra av sovjetiske troppar i august 1944.
Etter krigen vart nasjonaliserte det nye kommunistregimet oljeindustrien, som til då stort sett hadde vore på private hender, og investerte store mengder i olje- og petroleumsindustrien for å modernisere landet og minimere skadane etter krigen.
Busetnader
endrePloiești er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Ploiești | 209 945 | 180 540 |
Storbyområde
endreDet blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Ploiești, bykommunane (oraș) Băicoi, Boldești-Scăeni og Bușteni (oraș) og dei ti mindre kommunane (comună) Ariceștii Rahtivani, Bărcănești, Berceni , Blejoi, Brazi, Bucov, Dumbrăvești, Păulești, Târgșorul Vechi og Valea Călugărească.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger dels på «Ploiești» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.