Plutomånen Hydra

måne til dvergplaneten Pluto

Hydra (òg referert til som S/2005 P 1, Pluto III og 134340 III) er den ytste naturlege satellitten til dvergplaneten Pluto. Han vart oppdaga i lag med Nix i juni 2005 av Pluto Companion Search Team på bilete tekne av romteleskopet Hubble.

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjorde 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne stadfesta at månane fanst. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.

Hydra vart i lag med resten av plutosystemet vitja av romsonden New Horizons i 14. juli 2015.

Hubble-bilete av Hydra og delar av Pluto-systemet

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Andre kjelder: