Nix

måne til dvergplaneten Pluto

Nix (òg referert til som S/2005 P 2, Pluto II og 134340 II ) er ein av fem kjende plutomånar. Han vart oppdaga i lag med Hydra i juni 2005 av Pluto Companion Search Team ved hjelp av bilete tekne av romteleskopet Hubble.

Nix
Nix fotografert av New Horizons
Oppdaging
Oppdaga avRomteleskopet Hubble
Pluto Companion Search Team 
Oppdagingsdatojuni 2005
Baneskildring
Eksentrisitet0,002 ± 0,002
24,856 ± 0,001 d
Banehelling0,04° ± 0,22°
Satellitt avPluto
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
46 − 137 km
Masse5×1016 − 2×1018 kg
kaotisk
Albedo0,04 − 0,35 (truleg)
Temperatur33-55 K
23,38 til 23,7
Nix i kunstige fargar fotografert av New Horizons
Oppdagingsbileta av Nix og Hydra.

Nix vart vitja i lag med resten av Pluto-systemet av romsonden New Horizons 14. juli 2015.

Namn endre

Namnet Nix kjem frå den greske gudinna for mørke og natt, mora til Karon. Namnet vart gjort kjent 21. juni 2006 i IAU Circular 8723, der designasjonen Pluto II også er gjeven. I lag med Hydra, Plutos tredje måne, utgjer dei initialane til New Horizons; NH. Det opphavlege namneforslaget gjekk ut på å bruka den gammalgreske stavinga Nyx, men for å unngå misforståingar med asteroiden 3908 Nyx vart den egyptiske stavinga brukt.

Oppdaging endre

Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjort 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne stadfesta at månane fanst. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.

På oppdagingsbiletet er Nix 6300 gongar svakare enn Pluto.

Eigenskapar endre

Tidlege undersøkingar såg ut til å visa at Nix var raudleg lik Pluto og ulikt dei andre månane; men seinare observasjonar viste at månen er grå lik resten av satellittane.

Nix og Hydra følgjer ein sirkulær bane lik Kharon. Omløpstida på 24,9 dagar er nær ein 1:4 baneresonans med Kharon; men avviket er på 2,7% slik at det sannsynlegvis ikkje finst nokon aktiv resonans.

Spektrum tekne av New Horizons syner at yta til Nix er sett saman av reinare eller meir grovkorna is enn ytene til Hydra og Kharon.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre