Donauåsane
(Omdirigert frå Podunajská pahorkatina)
Donauåsane (slovakisk Podunajská pahorkatina) eller Det donauske høglandet er det nordaustlege, meir kuperte delen av Det donauske låglandet i Slovakia.
Dei ligg mellom Donausletta og Donau i sør, Vesle Karpatane i vest og Dei vestlege Karpatane i nord og aust. Grensa mot Donausletta gå om lag langs linja Bratislava – Senec – Sereď – Nové Zámky – Patince.
Området har varierte bergartar (leire, grus, sand), som er dekt av sediment (løss) og særs frodig jord frå kvartærtida.
Dei største byane i området er Trnava, Topoľčany, Nitra, Levice, Dudince og Štúrovo. Elvane Váh, Nitra, Žitava, Hron og Ipeľ renn gjennom åsane. Det finst fleire verna område i Donauåsane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Danubian Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.