Poland av Tangerine Dream

Poland
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve November 1984[1]
Innspelt 10. desember 1983
Spelestad Torwarhallen i Warszawa[1]
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 1:21:49
Selskap Jive Electro
Produsent Froese, Franke, Schmoellin
Tangerine Dream-kronologi 
Flashpoint
(1984)
Poland Heartbreakers
(1985)


Poland - The Warsaw Concert er det 24. albumet og det femte konsertalbumet til Tangerine Dream.[3] Albumet låg ei veke inne på UK Albums Chart og nådde 90. plassen.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]

I desember 1983 var Tangerine Dream igjen attende bak Jarnteppet for å halde konsert. Dei hadde spelt i Aust-Berlin i januar 1980, som resulterte i albumet Quichotte, og no spelte dei i Warszawa i Polen.

Tangerine Dream spelte to konsertar i Warszawa is-stadion den 10. desember 1983, ein på ettermiddagen og ein på kvelden. Musikken vart miksa og noko overdubba med nye partar og mellomspel i studio i 1984 for å gje eit typisk Tangerine Dream-album utan støy frå publikum.[3]

Edgar Froese fortalte: «Me er blitt kalla eit politisk band, men når me har spelt i Aust-Tyskland og Polen er det ikkje av politiske årsaker. Me berre ønskte å spele for folka der.» Chris Franke sa: «Me er berre politiske på den måten at musikken kan nyttast til å utløyse impulsar som får folk til å tenkje på samfunnet.»[3]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Chris Franke, Johannes Schmoelling.

Nr.TittelLengd
1.«Poland»22:36
2.«Tangent»15:53
3.«Rare Bird»04:02
4.«Barbakane»18:04
5.«Horizon»21:10

Dei fire spora består av 3-4 seksjonar kvar. Dei siste to av dei fire seksjonane på «Tangent» vert kalla «Polish Dance» (som minnar om komposisjonen «Choronzon» frå Exit, spelt baklengs) og «Rare Bird», og den andre delen av «Barbakane» vert kalla «Warsaw in the Sun». Det finst òg andre, mindre kjende offisielle og uoffisielle namn på andre seksjonar av albumet. Han finst òg som ein avgrensa biletplate der bileta frå plateomslaget er direkte på vinylplata.

Av dei tolv CD-utgåvene har berre tre av dei det komplette albumet. Alle dei andre manglar anten «Tangent» med ein forkorta versjon av «Barbakane», eller inneheld «Tangent» men har framleis den forkorta versjonen av «Barbakane».

  • (1984) Jive/Teldec 8.28638
  • (1984) Relativity 88561-8045-2, nyutgjeve i 1993
  • (2011) Reactive EREACD 2018

Den andre er gjeven ut som ein dobbel-CD og er nokså sjeldan.

Medverkande endre

Singlar endre

  • «Warsaw In The Sun» nådde 96. plassen på den britiske singellista.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Poland. Tangerine Dream. Reactive Records. 2011. EREACD 2018. 
  2. Westergaard, Sean. Poland av Tangerine DreamAllmusic
  3. 3,0 3,1 3,2 «Poland». Voices in the Net. Henta 10. juli 2020.