Politikk i Harry Potter-serien

Det har vore publisert mykje stoff rundt temaet Politikk i Harry Potter-serien av J.K. Rowling. Stoffet varierer frå kritikk av rasisme til anti-statlege oppfatningar. Det er mellom anna starta fleire universitetkurs som handlar om å analysere Harry Potter-serien.

The Wall Street Journal samanlikna Neville Chamberlain til Rowlings Kornelius Bloeuf, av di dei begge var ivrige etter å få folk til å sjå ein annan veg for å unngå krig.

Progressive verdiar og mangfald

endre

I 2005 sa Time magazine;"Rowling tilpassar ein naturleg konservativ sjanger til sine eigne progressive føremål. Hennar Galtvort er sekulær og seksuell, fleirkulturell og multietnisk, og til og med overnaturleg med alle dei snakkande spøkelsa".

For å markere den franske utgivinga av "Dødstalismanene", brukte French center-left paper Liberation framsida og to avissider til å svare på spørsmålet "Kvifor Harry Potter støttar venstresida".

Humlesnurr som homofil

endre

Då Rowling svarte på eit spørsmål frå eit barn i 2007, avslørte ho fylgjande: "Eg såg alltid på Humlesnurr som homofil." For å utfylle nokre detaljar, la ho til; "Humlesnurr blei forelska i Gellert Grindelwald... Gløym ikkje at kjærleik kan gjere blind. [Han] var veldig tiltrekt til denne glimrande personen. Dette vart Humlesnurrs tragedie."

Redaktøren for fan-nettstaden The Leaky Cauldron, Melissa Anelli, fortalde The Associated Press; " At Jo Rowling seier at ein Harry Potter-karakter visstnok skal vere homofil, kan gjere framskritt mot toleranse av homofili. Ved at ho kallar ein så respektert, så talentfull og så snill person for homofil, heilt tilfeldigvis, forsterkar ho ideen om at å vere homofil, ikkje er noko som ein burde skamme seg over." (på org.språk eng.: "Jo Rowling calling any Harry Potter character gay would make wonderful strides in tolerance toward homosexuality.... By dubbing someone so respected, so talented and so kind, as someone who just happens to be also homosexual, she's reinforcing the idea that a person's gayness is not something of which they should be ashamed".)

På den påfølgande kontroversen, sa Rowling:" Eg veit at det var ein positiv ting at eg sa det, grunna minst ein person, ein mann, som kom ut av skapet på Carnegie Hall ".

Harry Potter brukt av politiske aktivistar

endre

kidSPEAK!

endre

Som reaksjon på avgrensa tilgang til Harry Potter-bøkene, oppretta born ein brevskrivingkampanje, fleire klubbar og underskriftskampanjar som saman utvikla seg til nettstaden Muggles for Harry Potter.

Nettstaden vart seinare til kidSPEAK!, eit barneforum for å lære å takle sensur generelt og kjempe for Harry Potter.

Wal-Mart Watch

endre

Wal-Mart Watch brukar parodiar om Harry Potter ved å samanlikne WalMart til Fyrst Voldemort og trekkjer parallellar mellom husnisser og tvangsarbeid.

Kjelder

endre