Polititroppene, på folkemunne ofte kalla Reservepolitiet, var ein norsk paramilitær organisasjon i Sverige under andre verdskrig. Nærare 15 000 norske flyktningar var innrullert i Polititroppene, som vart sett inn i teneste ved frigjeringa av Noreg etter krigen.

Frå 1942 samarbeidde den norske regjeringa i London med svenske styresmakter om å utdanna 8-9000 yngre norske flyktningar i Sverige til politiavdelingar i Reservepolitiet. Styrkane skulle ta over polititenesta i dei frigjorde områda av Noreg etter krigen, men var i praksis kamuflerte norske millitæroppsetninger. Biletet viser nokon av mannskapa ved forlegninga ved Mälsåker slott ved Mälaren.
Foto: Riksarkivet
Dåverande oberst Olaf Helset, som flykta til Sverige i 1941, vart i januar 1945 sjef for det norske reservepolitiet i Sverige med tittelen «Sjefen for polititroppane». Militærattasjeen oberst Ol Berg skulle likevel ha den øvste leiinga av polititroppane på vegne av vedkomande styresmakter i Storbritannia. Helset var òg under ein periode norsk flyktningsjef i Sverige.
Foto: Riksarkivet
Norsk politiskjold frå Den norske Brigaden i Sverige. Skjoldet inngår i gjenstandssamlinga til den dansken Nationalmuseet. Fotograf: Elisabeth Halgreen.

Polititroppene på 13 000 mann, var ei politistyrke på 1 500 mann som òg vart opptrent i Sverige og som i overgangsperioden etter krigen skulle løysa vanskelege ordensoppgåver og danna stammen i ein ny politietat.

Historie endre

 
Uniform for dei norske polititroppane i Sverige under andre verdskrig. Frå Troms Forsvarsmuseum.

Etter det nasjonalsosialistiske Tysklands angrep på Noreg 9. april 1940, vart den norske hæren tvinga til å kapitulera 7. juni. Det militære utstyret vart då overteke av tyskarane, bortsedd frå det vesle som dei norske flyktningane fekk med seg til integreringsleirene i Sverige.

Under krigen flykta 50-60 000 norske menn og kvinner til det nøytrale Sverige. Blant desse flyktningane vart det rekruttert, utdanna og utrusta ein heilt ny norsk hær. Ved slutten til krigen omfatta styrkane omkring 13 500 mann klåre til innsats på divisjonsnivå og endå nokon tusen som var under opplæring. Detta vart gjennomført etter ei avtale mellom den norske eksilregjeringa i England og den svenske samlingsregjeringa under statsminister Per-Albin Hansson.

Fordi det å oppretta utanlandske kampstyrkar i Sverige stod i strid med den nøytralitetsfråsegna som Sverige hadde gjeve ved krigsutbrotet mellom Tyskland og dei allierte vestmaktene i september 1939, vart det lagt ned ein stor innsats på å skjula det verkelege føremålet med organiseringa og omfanget av arbeidet.

Frå 12. januar 1945 deltok politistyrkane frigjeringa av Aust-Finnmark. I mai same år vart mannskapa, med forsyningar fór omkring éin månad, overført til Noreg for å hjelpa til med lov og orden etter Frigjeringsdagen og arrestera tyskarar og dei som hadde samarbeidd med den tyske okkupasjonsmakta.

Galleri endre


 
Utstillingsdel om Den Danske Brigaden i Frihedsmuseet, museum for Danmarks motstandskamp under andre verdskrig (etablert 1957).

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Grimnes, O.K.: Opptakta til dei norske polititroppane i Sverige, 1968
  • Söderman, H.: Polititroppane i Sverige, 1946
  • Ørvik, N.: Norsk militær i Sverige 1943—45, 195
  • Johansson, Andersen Den glemte armé i skyggen av hjemmefronten, (2007) Damm forlag, ISBN 978-82-04-13699-2

Bakgrunnsstoff endre