Pollino (italiensk Massiccio del Pollino) er eit fjellmassiv sør i Appenninane, på grensa mellom Calabria og Basilicata, sør i Italia. Sidan 1992 har det vore ein del av Pollino nasjonalpark.

Pollino
fjell
Land  Italia
Kart
Pollino
39°54′00″N 16°13′00″E / 39.9°N 16.216667°E / 39.9; 16.216667
Wikimedia Commons: Massiccio del Pollino

Det høgaste området i kjeda består av kalkstein og er derfor utsett for erosjon som særleg på Calabria-sida har danna mange grotter, der det i enkelte er funne veggmåleri frå paleolittisk tid.

Sjølve toppen Pollino er 2 248 m og Serra Dolcedorme er 2 267 m, som begge stig opp frå Sibarisletta.

Pollino har frodig vegetasjon og her finn ein kastanje, bøk og den sjeldne bosniske furua, som er symbolet på parken. Av dyr finn ein ulv, hornugle, rådyr og den sjeldne kongeørna.

Pollino frå toppen av Serra delle Ciavole

39°55′N 16°11′E / 39.917°N 16.183°E / 39.917; 16.183

Kjelder endre