Regione Calabria
Kart som viser plasseringa til Calabria i Italia
Hovudstad Catanzaro
President Agazio Loiero
Provinsar Catanzaro
Cosenza
Crotone
Reggio Calabria
Vibo Valentia
Kommunar 409
Areal 15 081 km²
 - Rangering 10. (5,0 %)
Folketal (2006)
 - Totalt 2 004 415
 - Rangering 10. (3,4 %)
 - Tettleik 133/km²
Heimeside www.regione.calabria.it

Calabria (latin: Brutium) er ein region sør i Italia som utgjer «tåa» på Den italienske halvøya sør for Napoli. Regionen grensar i nord til Basilicata, i vest til Tyrrenhavet og i aust til Det joniske havet. Regionen dekkjer eit areal på 15 080 km² og har 2 millionar innbyggjarar. Regionshovudstaden er Catanzaro og dei to andre store byane er Cosenza og Reggio Calabria.

Bustader i klippene i Tropea.
Utsyn frå Cosenza.
Scilla.
Sila nasjonalpark
Corigliano Calabro.

Geografi endre

Calabria er ei smal halvøy som strekkjer seg 300 km ut i hjarte av Middelhavet. Halvøya ligg på tuppen av den italienske «støvelen» mellom Tyrrenhavet i vest og Det joniske havet og Tarantobukta i aust. Mellom Sicilia og halvøya ligg Messinasundet, der det smalaste punktet mellom Capo Peloro på Sicilia og Punta Pezzo i Calabria berre er 3,2 km breitt. Sjølv om det aldri er langt til havet i Calabria er det eit fjellendt område. Tre fjellkjeder går over området. Pollino, Sila og Aspromonte. Alle tre fjellkjedene er unike med sitt eige dyre- og planteliv.

Pollinofjella nord i regionen er kuperte og dannar ei naturleg grense mellom Calabria og resten av Italia. Delar av området er tett skogkledd, medan andre område er vidstrekte, forblåste platå med lite vegetasjon. I desse fjella finn ein den sjeldne bosniske furua og området er ein del av Pollino nasjonalpark.

Silafjella er eit vidstrekt fjellplatå om lag 1 200 meter over havet, som nesten dekkjer 2 000 kvadratkilometer i sentrale område av Calabria. Det høgaste punktet er Botte Donato på 1 928 meter over havet. Området har mange innsjøar og tett barskog.

Aspromonte-massivet dannar den sørlegaste delen av Den italienske halvøya og grensar til hav på tre sider. Dette unike fjellområdet har Montalto som det høgaste punktet på 1 995 meter over havet.

Det lågare terrenget i Calabria har i alle tider vorte utnytta for jordbruk og her er mykje småskog og innførte planter som fikenkaktus. I dei lågaste fjellsidene finn ein mange vingardar og sitrusfrukthagar. Calabria er særleg kjend som produksjonsstad for bergamott.[1] Lenger oppe i fjellsidene finn ein oliven- og kastanjetre, medan ein i dei høgareliggjande områda ofte finn tett skogar med eik, furu, bøk og gran.

Calabria er eit landområde med store kontrastar med temperaturar under null grader i fjella om vinteren til temperaturar stundom over 40 °C om sommaren i dei låge dalane. Klimaet er typisk middelhavs (Köppen si klimaklassifisering CSa), bortsett frå dei høgareliggjande områda (DSa, DSb) og dei tørrare områda i aust langs kysten av Det joniske havet.

Calabria er delt inn i fem provinsar:

 

Historie endre

Calabria vart først busett av italiske oskisk-talande stammer. To av desse stammene var oenotrianarane og italiarane. Gresk kontakt med sistnemnde førte til at heile halvøya (det som i dag er Italia) fekk namn etter stamma.

Grekarar slo seg ned i store grupper langs kysten og fleire av busetnadane deira, inkludert den første italienske byen kalla Rhegion (Reggio Calabria) og Sybaris, Kroton (Crotone) og Locri var av dei leiande byane i Magna Graecia500- og 400-talet fvt.. Området vart erobra av romarar200-talet fvt. og oppnådde aldri den same velstanden igjen.

Grekarane vart erobra på 200-talet fvt. av omstreifande oskiske stammer frå nord, inkludert ei grein av samnitarane kalla lucanianarar og ei anna grein av lucanianarane igjen som kalla seg bruttiarar. Bruttiarane grunnla dei største byane i Calabria, inkludert den moderne hovudstaden Cosenza (då kalla Consentia).

Etter Romarriket sitt fall vart mange innbyggjarar driven innover i landet av malaria som spreidde om seg og frå tidleg i mellomalderen og fram til 1600-talet av sjørøvarar som stadig hadde plyndringstokt langs kysten. Calabria vart hardt råka av den gotiske krigen før det kom inn under ein lokal dux for Austromarriket. På 800- og 900-talet var Calabria grenselandet mellom austromarane og den arabiske emiren på Sicilia og vart derfor utsett for mange plyndringstokt og trefningar, avfolka og demoralisert der sterke greske klosteret fungerte som kulturelle festningar. I 1060-åra oppretta normannarar under bror til Robert Guiscard, Roger, si leiing eit nærvær i dette grenselandet og oppretta eit styre langs dei austromerske linjene som vart styrt av den lokale greske magnaten av Calabria. I 1098 utropte pave Urban II Roger til ein paveleg legat. Hauteville-klanen danna seinare forgjengaren til Kongedømet Napoli, som styrte Calabria fram til samlinga av Italia. Dette kongedømet kom sjølv inn under mange herskarar: Habsburgdynastiet av både Spania og Austerrike, det franskspanske Bourbondynastiet, Napoleon I sin bror Joseph Bonaparte og den franske marskalken Joachim Murat, som vart avretta i den litle byen Pizzo.

Gjennom heile historia vart Calabria verande ein svært landleg og isolert region. Under revolusjonane i 1848 i Europa oppstod det fleire bondeopprør i området. Dette var starten på den seinare samlinga av Italia i 1861, då Kongedømet Napoli vart ført inn i unionen av Giuseppe Garibaldi. Aspromonte var åstad for det kjende slaget under Risorgimento (samlinga av Italia), der Garibaldi vart skadd.

'Ndrangheta-familiane på Calabria som dreiv med organisert kriminalitet byrja å dukke opp i 1860. I dag er dei rivalar til dei meir kjende Cosa NostraSicilia, men dei opererer fullstendig sjølvstendig frå sicilianarane og er særleg aktiv i kokainhandel.

Fram til nyleg var Mezzogiorno (Sør-Italia) av dei fattigaste områda i Europa og store delar av den italienske diasporaen tidleg på 1900-talet kom frå det fattige Calabria. Mange innbyggjarar flytta til industrisenter i Nord-Italia, resten av Europa, Australia og Amerika (særleg Argentina, Brasil, Canada og USA). I dag er det aukande velstand og betre økonomi basert på moderne jordbruk, turisme og ein veksande kommersiell base. Sjølv om inntekta per innbyggjar framleis er godt under inntekta i dei nordlege og sentrale områda av Italia er det no så pass bra tilhøve at ein nærmar seg det gjennomsnittlege nivået i EU.[2]

Demografi endre

Byar i Calabria med 50 000 innbyggjarar eller meir:

By Folketal
Reggio Calabria 184 504
Catanzaro 95 099
Cosenza 70 680
Lamezia Terme 70 366
Crotone 60 517

Folketalet i kvar provins er:

Provins Folketal
Provinsen Cosenza 732 615
Provinsen Reggio Calabria 565 866
Provinsen Catanzaro 368 923
Provinsen Crotone 172 970
Provinsen Vibo Valentia 168 894

2005[3]

Språk endre

For meir om dette emnet, sjå calabrisk.

Det offisielle språket i Calabria er italiensk sidan samlinga i 1861. På grunn av den sterke og fargerike historia har det utvikla seg calabriske dialektar som har vorte tala i regionen i hundrevis av år. Dei forskjellige dialektane er delt inn to hovudgrupper. I den nordlege tredjedelen vert dei calabriske dialektane rekna som ein del av napolitansk kalla «nordcalabrisk». I dei sørlege to-tredjedelane i regionen vert dei calabriske dialektane rekna som ein del av siciliansk, kalla «sørcalabrisk».

I isolerte lommer, i tillegg til bydelar i Reggio Calabria (der gresk lenge har stått sterkt i Italia) vert det tala eit blandingsspråk som går tilbake til 800-talet kalla griko. Ein kan òg finne ein variant av frankoprovensalsk i enkelte samfunn og fransk har hatt påverknad på mange calabriske språk og uttrykk. I fleire landsbyar vert det tala ein arvantisk dialekt av albansk som har vorte tala sidan flyktningar slo seg ned der på 1400-talet. I tillegg, sidan Calabria ein gong var ein del av Spania, er nokre calabriske dialektar påverka av spansk.

Kjelder endre

Fotnotar

  1. «Bergamot sour orange hybrid» Arkivert 2018-08-14 ved Wayback Machine., Citrus Variety Collection, citrusvariety.ucr.edu
  2. Eurostat 2006
  3. Istat

Bakgrunnsstoff endre


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto

39°00′N 16°30′E / 39.000°N 16.500°E / 39.000; 16.500 Coordinates: Extra unexpected parameters