Polmak kommune

tidlegare kommune i Finnmark

Polmak kommune er ein tidlegare kommune i Finnmark.

Polmak høyrde frå opprettinga av formannskapsdistrikta i 1838 til Vadsø by- og landdistrikt. I 1839 vart Nesseby med Polmak skild ut frå Vadsø. I 1858 vart Nesseby med Polmak igjen innlemma i Vadsø, før Vadsø og Nesseby vart to kommunar att frå 1864. I 1903 vart Polmak skild ut som eigen kommune. Ved opprettinga budde det 450 personar i Polmak kommune. Kommunen omfatta då den nordre delen av Tanadalen frå like over Leavvajohka fjellstue ned til grenda Polmak, i tillegg til vidda i nordvest. Frå grenda Polmak ned til Tana bru omfattar den tidlegare kommunen begge sidene av Tanaelva.

Polmak var sjølvstendig kommune fram til 1964 då området vart innlemma i Tana kommune. Det budde då 1072 personar i Polmak kommune.[1] Polmak var den minste kommunen i Finnmark etter folketal.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Polmak kommune frå 1903 til 1964:

1.1.1903 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964
450 537 626 903 968 1072 1072

Kjelder endre

«Polmak – kommune» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar endre

  1. Jukvam, Dag (1999). «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» (.pdf). SSB. Henta 28. juni 2009. 
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951,frå Statistisk sentralbyrå Arkivert 2004-12-01 ved Wayback Machine.