Pomelo
Pomelo
Pomelo
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Underfamilie: Aurantioideae
Stamme: Citreae
Slekt: Sitrusfrukt Citrus
Art: Pomelo C. maxima
Vitskapleg namn
Citrus maxima

Pomelo (Citrus maxima) er ein art i sitrusslekta som stammar frå Søraust-Asia. Frukta er ei stor, pæreforma sitrusfrukt med grøngult skal og gult, raudt eller grønt fruktkjøt. Ei frukt kan vega opptil 10 kg. Det tjukke skalet, som utgjer over halvparten av vekta til frukta, kan brukast til å laga sukat. Pomelo kan minna om grapefrukt, men fruktkjøtet er søtt og har ikkje same beiske smak. Pomelo er ein av opphavsplantane til appelsin, grapefrukt, tangelo, mandelo og andre sitrushybridar.

Pomelo-frukt

KjelderEndra

  • «Pomelo» (23. januar 2013). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. juli 2015.
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.