Popocatépetl (ofte kalla El Popo eller Don Goyo) er ein aktiv vulkan og det nest høgaste fjellet i Mexico. Toppen er 5 452 meter over havet.[1] Berre Pico dei Orizaba er høgare (5 675 moh/). Namnet stammar frå nahuatl popōca ('det ryk') og tepētl ('fjell'), og tyder altså 'Røykfjellet'. Popocatépetl er knytt til Ixtaccíhuatl-vulkanen i nord via den høge fjellryggen Paso de Cortés.

Popocatépetl
fjell
Vulkanen Popocatépetl sett frå Paso de Cortés
Land  Mexico
Region México, Puebla og Morelos
Høgd 5 452 m
Siste utbrot 2006
Kart
Popocatépetl
19°01′00″N 98°37′00″W / 19.016667°N 98.616667°W / 19.016667; -98.616667
Wikimedia Commons: Popocatépetl

Vulkanen ligg i delstatane Morelos, Puebla og México, rundt 45 kilometer søraust for Puebla by.

Popocatépetl er ein vulkan som er symmetrisk kjegleforma. På nordsida går han saman med Iztaccíhuatl. Mellom dei er det eit fjellpass som blir kalla for Paso de Cortés. Det er vedvarande isdanningar rundt munningen oppe i spissen av vulkanen.

Første gong menneske steig opp fjellet var lenge før aztekarane. Den første nedteikna klatringa var utført av spanjolar leidd av Diego de Ordás i 1519.

El Popo, eller «Popo» som fjellet ofte blir kalla, er ein av dei meste aktive vulkanane i Mexico. Sidan 1354 er det registrert 18 vulkanutbrot. I 1947 fann eit stort utbrot stad som byrjinga på ein periode med høg aktivitet. Etter 21. desember 1994 bles vulkanen ut oske som blei frakta over 25 kilometer med vinden. For tida er aktiviteten moderat, men det er stadig utslepp av gassrøyk og vassdamp. Det siste forholdsvis store utbrotet som blei registrert fann stad i desember 2000, og etter varsel frå geologar førte dette til at tusenvis av menneske i dei utsette områda i nærleiken av vulkanen blei evakuerte. I juli 2013 førte oske og røyk frå Popocatépetl til at flyselskap frå USA innstilte sine flygingar til Mexico by.[2]

Geologi

endre
 
Popocatépetl 19.12.2000

Popocatépetl er ein sedimentærvulkan, og paleomagnetiske studium har vist at vulkanen er omtrent 730 000 år gammal. Høgda er omkring 5 450 meter over havet. Vulkanen er kjegleforma og diameteren til grunnflata er ca. 25 kilometer. Toppen er ellipsebeskåren frå ein kjegle. Avstanden mellom veggene i krateret varierer mellom 660 og 840 meter og variasjonen i høgd mellom den øvste og den nedste sida er 230 meter. Frå den øvste sida til innsida av vulkanen er det ein høgdeskilnad på 400 meter. Mellom denne, ved den austlege sida av grunnen, er det ein mindre kjegle på 200 meter i diameter og 80 meter i høgd. Rundt og mellom denne kjegla finst det toppar med opningar for gass og vassdamp og ein grøn liten innsjø som er 40 meter brei og 10 meter djup. Mot nordaust er den første toppen ein finn «el pico del Ventorrillo» som når 5000 meter over havet. Dette er ein rest av ein eldre vulkan kalla «Nexpayantla».

Popocatépetl har alltid hatt ein skjult aktivitet. I 1991 byrja aktiviteten å auka og frå og med 1993 har utblåsinga av gass og vassdamp vore klårt synlege i ein avstand på rundt 50 kilometer.

I tillegg finst ei stor mengd observasjonar sidan antikken over periodisk aktivitet for vulkanen. Dette inkluderer observasjonen av eit utbrot i 1927 som var framkalla kunstig  på grunn av eksplosjonar i krateret for utvinne svovel.

Sidan lava kan koma ut frå kva for som helst sprekk som han lagar i fjellskråninga og ikkje berre frå krateret sitt, er det vanskeleg å vita korleis utviklinga vil gå føre seg framover. Det vil seia at kva for nærområde som helst kan råkast om vulkanen får eit utbrot.

Mytologi

endre
 
Popocatépetl sett frå Paso de Cortés

I aztekisk mytologi var Popocatépetl ein krigar som elska Iztaccíhuatl. Faren til Iztaccíhuatl sende han til krig i Oaxaca og lova Popocatépetl at han kunne gifta seg med dottera hans om han kom tilbake (noko faren rekna med at han ikkje ville gjera.) Då Iztaccíhuatl mottok nyhenda om at det den ho elska var drepen i kamp, døydde ho av sorg. Popocatépetl, som ikkje var daud, kom tilbake og fekk vita om det tragiske dødsfallet. Då døydde også han av sorg. Gudane blei rørte av soga deira og dekte dei med snø for å gjera dei om til fjell. Fjellet Iztaccíhuatl blei kalla for «Den kvite kvinna» fordi ein ganske tydeleg kan sjå forma av ei liggjande kvinne i dette fjellet. Popocatépetl blei gjort om til ein vulkan som slynger ut eld mot jorda med eit blindt raseri over tapet av den han elska. Segna er kjend kalla for La Leyenda dei lós Volcanes «Segna om vulkanane». Kunstnaren Jesús Enrique Helguera blei kjent for skildringa si av denne segna gjennom dei berømte måleria sine.

Kjelder

endre
  1. Centro Nacional de Prevención de Desastres (CENAPRED), arkivert frå originalen 8. oktober 2006, henta 3. september 2015 
  2. «Popocatepetl volcano causes Mexico flight chaos», BBC News, 5. juli 2013.

Bakgrunnsstoff

endre