Portlaoise
Portlaoise (irsk Port Laoise, tidlegare staving Port Laoighise, tidlegare namn Maryborough) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Laois og ligg sentralt på Irland.
Portlaoise | |||
---|---|---|---|
Utsikt frå Dunemaseklippen mot den lokale kyrkja | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Provins Grevskap |
Irland Leinster County Laois | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2006) |
14 275 | ||
Koordinatar | 53°2′3″N 7°17′37″W / 53.03417°N 7.29361°W | ||
Høgd over havet | 139 m | ||
Diverse annan informasjon |
Han vart grunnlagd som Fortet Maryborough av dronning Maria I av England og Irland i 1556.
Over heile byen finst det spor etter tida som garnisonsby. Det gamle fengselet har vorte omgjort til eit kultursenter.
I nærleiken av byen ligg Dunamaseklippen, eit keltisk festningsverk som Ptolemaios noterte seg på 100-talet. I 845 vart den dåverande festninga plyndra av vikingar. Det ligg òg tre herregardar i nærleiken: Emo Court, frå 1700-talet og teikna av James Gandon, Ballyfin House, som no er ein privatskule, og Mountmellick.
Portlaoise fengsel er eit høgtryggleiksfengsel som særleg har vorte brukt til terroristar frå Nord-Irland. Etter at amnestiet som vart nedfelt i Belfastavtalen tredde i kraft har det vore færre fangar innan denne kategorien.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Portlaoise» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2007.