Porto-Novo, òg kalla Hogbonou og Adjacé er hovudstad i Benin i Vest-Afrika med eit folketal på om lag 250 000 innbyggjarar. Byen er ein hamneby som ligg i ei vik i Guineabukta i den søraustlege delen av landet. Porto-Novo er den nest største byen i landet etter Cotonou, som er viktigare både kulturelt og politisk. Regionen rundt Porto-Novo produserer palmeolje, bomull og kapok. Petroleum vart oppdaga utanfor kysten av byen i 1990-åra, og har vorte ein viktig eksportvare.

Porto-Novo
Horisonten til Porto-Novo
Horisonten til Porto-Novo
Styresmakter
Land
Benin
Geografi
Flatevidd 52 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

255 878
Koordinatar 6°28′N 2°36′E / 6.467°N 2.600°E / 6.467; 2.600
Høgd over havet 38 m
Diverse anna
Heimeside: www.benintourisme.com
Plassering
Plassering av Porto-Novo
Plassering av Porto-Novo