Opna hovudmenyen

Possietabukta (russisk Залив Посьета - Zaliv Posieta) er ei bukt sørvest i Peter den store-bukta mellom nesa Suslov og Gamov. Ho strekkjer seg 31 km frå nordaust til sørvest og 33 km frå nordvest til søraust. Kystlinja, som høyrer til Khasanskij rajon i Primorskij kraj er taggete og her ligg mellom Possiet, Zarubino og Kraskino.

Mannskapet på den franske korvetten «Caprice» vitja bukta i 1852 og gav ho namnet d'Anville. To år seinare vart kystlinja kartlagd av ekspedisjonen til Jevfimij Putiatin som inkluderte skonnerten «Vostok» og fregatten «Pallas». Putiatin kalla bukta opp etter Constantine Possiet, ein av kollegaene hans. I 1855, då Krimkrigen raste som verst, vart bukta vitja av ein engelsk-fransk skvadron. I juli 1938 vart det bygd ei flystripe og ein servicestasjon for ubåtar ved bukta. Dette skapte sinne hos japanarane og sette i gang ein grensestrid mellom Sovjetunionen og Japan kalla slaget ved Khasansjøen.[1]

KjelderEndra

  1. G. Patrick March. Eastern Destiny: Russland in Asia og the North Pacific. Praeger/Greenwood, 1996. ISBN 0-275-95648-2. Side 216.

Koordinatar: 42°30′N 130°55′E