Positron
Eit positron er ein elementærpartikkel og elektronet sin antipartikkel. Positronet har same masse som elektronet, men motsett ladning, altså: +e. Det vert òg kalla positon eller positivt elektron.
Paul Dirac postulerte at positronet eksisterte i 1930, og det vart påvist i eit fysisk eksperiment av Carl David Anderson i 1932. I følgje teorien til Dirac kan ein sjå på eit positron som eit manglande elektron i ein negativ energitilstand. Ein kallar dette eit elektronhol og eit slikt «hol» vert tola som eit positron. Denne teorien heiter holteori. Prosessen der vert danna eit elektron og eit positron samstundeds vert kalla pardanning. Den omvende prosessen, der dei to støyter og forsvinn, vert kalla annihilasjon.
Kjelder
endre- «positron». Store norske leksikon. 14.10.2011.