Ein antipartikkel er ein elementærpartikkel med identisk masse og spinn som ein «vanleg» elementærpartikkel, men med alle andre kvantetal motsett. Positronet er elektronet sin antipartikkel. Nokre få partiklar, som til dømes fotonet er sin eigen antipartikkel.

Viss ein partikkel møter sin antipartikkel, vil dei annihilere kvarandre, og massane deira masse vil gjerast om til rein energi i form av gammastråling ved fotonar gjeven ved formelen:

, der er lysfarten i vakuum.

Historie endre

Eksistensen av antimaterie vart føresagt av den britiske fysikaren Paul Dirac i 1928. I 1932 vart den første antipartikkelen, positronet, påvist eksperimentelt av Carl D. Anderson medan han undersøkte kosmisk stråling.

Kjelder endre