Adresse

(Omdirigert frå Postadresse)

Adresse (frå fransk, opphavleg 'mål, middel for nå eit mål, retning' eller 'råd')[1] er eit system av opplysingar for å finna fram til ein viss stad. Dette er som regel ein fysisk stad, som ein bustad eller der ei verksemd held til. Han blir brukt på post, pakkar og for å hjelpa personar å finna fram til staden. Utviklinga av standardiserte adressar har vokse fram saman med postvesenet og det moderne samfunnet. I nyare tid har ein også byrja bruka virtuelle adressar, som epost- eller IP-adressar.

Adresse skrive på eit britisk postkort frå 1890.

Adresser følgjer eit visst format som gjeld for eit område, til dømes eit land. Dei kan innehalda opplysingar som namnet på den eller dei han skal fram til (adressaten), nummeret til eigedommen, bygningen eller delen av bygningen han skal til og namnet på gata eller bygningen, namnet på staden og eventuelt eit større administrativt område han ligg i, og eit postnummer. Om sendinga går mellom ulike land vil adressa også oppgje landet ho skal til.

Presise adresser gjer det lettare å finna ein stad for tilreisande, og kan ha stor tyding i ein naudsituasjon.[2][3]

Adressesystem i Noreg endre

Noreg har to adressesystem - matrikkeladressar og vegadressar.

Matrikkeladressa er ei offisiell adresse som er oppført i matrikkelen. Ho blir fastsett av kvar kommune og er garantert unik innanfor denne kommunen. Heimelen for fastsetjing av matrikkeladressar finst i matrikkelloven § 21.

Adressa har form av ei talrekkje som inneheld gardsnummer og bruksnummer, eventuelt også festenummer og undernummer. Matrikkeladressa kan til dømes ha ei slik form: 12/158/5-8.[2]

Vegadressa består av adressenamn (typisk eit vegnamn, som Strandgata) og adressenummer (husnummer/leilegheitsnummer, til dømes 10A). Kartverket er ein pådrivar for å laga vegadressar der dette manglar, og hjelper kommunar med dette arbeidet.[2]

Der det finst vegadresse, er ho del av postadressen. Postadressa kan elles oppgje postboks, postnummer, poststad, kommune og landkode.[4][5] Ei norsk postadresse inneheld adressat (første linje), vegadresse (andre linje) og tilhøyrande postnummer og poststadnamn (tredje linje). Der det ikkje finst vegadresse, gjev Posten eit stadnamn ein kan bruka i staden. Brukseinsnummer/bustadnummer er ikkje del av postadressa, men kan tilføyast på ei linje over vegadressea. For at posten skal koma fram, må adressaten vera namngjeven på postkassen på adressa.

Kjelder endre

  1. «address, n.», OED Online, Oxford University Press, juni 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 Fakta matrikkeladresse og vegadresse, kartverket.no 
  3. Carrie Jung (2. november 2015), «Navigating Navajo Nation Soon To Be Easier For Amazon, Ambulances», Morning Edition (NPR) 
  4. Statistisk sentralbyrås definisjon av postadresse, ssb.no
  5. «Adresseveileder». Kartverket. 13. februar 2013. Henta 26. april 2016. 

Bakgrunnsstoff endre