Ein postbåt var opphavleg mindre robåtar og seglbåtar eigd av bønder, såkalla postbønder, som vart pålagt å føre post i sitt distrikt. Denne plikta vart pålagt fyrste gong i 1653.

Sidan er postbåt nytta om dampdrivne kystruteskip som primært skulle sørgje for rask og regelmessig postgang. Postverket vart det fyrste dampskipsreiarlaget i NoregDS «Constitutionen» vart sett inn på ruta frå Christiania til Christianssand i 1827. Dette skipet vart primært skaffa for å sikre postgangen.

Året etter vart den supplert med DS «Prinds Carl» i postrute mellom Stavern, Göteborg og København.

Dei fyrste forsøka med dampskip i fast postrute i Nord-Noreg byrja med hjuldamparen DS «Prinds Gustav» som gjekk frå Trondheim 5. mars 1838 med Hammerfest som destinasjon. I 1841 var det skipa samanhengjande, rutemessig postbåtsamband frå Oslo til Hammerfest.

Kjelder endre