Potemkinkulisse er ein falsk fasade eller blendverk som skal skjula den verkelege utsjånaden til noko, og vanlegvis gje inntrykk av at det er betre enn det eigentleg er.[1] Ein kan nytta slike kulissar til propagandaføremål.

Bakgrunn endre

Nemninga skal ha kome frå den russiske fyrsten Grigorij Potemkin,[1] som før keisarinne Katarina II av Russland vitja Krimhalvøya i 1787 sørgde for å byggja opp kulissar av fasadar utan bakgrunn langs dei øyda breiddene av Dnepr som skulle gje eit inntrykk av større velstand og utvikling enn kva det verkeleg var.[2] Slik kunne han gje eit inntrykk av at han hadde kome lengre i utviklinga av den nyleg erobra halvøya under det russisk-tyrkiske krigen (1787–1792).

Historikaren Simon Sebag Montefiore som blant anna har skrive biografien Potemkin og Katarina den store – en keiserlig forbindelse, meiner at desse kulissene er ein myte som vart lansert av dei politiske fiendane til Potemkin.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «potemkinkulisse» i Det Norske Akademis ordbok
  2. Tharoor, Ishaan (6. august 2010). «Top 10 Weird Government Secrets». Time. ISSN 0040-781X. Henta 1. september 2017. 
  3. «Did 'Potemkin villages' really exist?». The Straight Dope. 14. november 2003.