Pourquoi Pas-breen
Pourquoi Pas-breen er ein isbre som er 7 km brei og 28 km lang, og som flyt nord-nordvest frå innlandsisen og endar i ei kjend tunge 17 km vest-nordvest for Pourquoi Pas Point. Han vart skissert av fransk kartografar frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47 og namngjeven i 1952 av den franske komiteen etter «Pourquoi-Pas?», polarskuta til Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot i 1908–10. Ho vart seinare nytta av Charcot i ekspedisjonar til Grønland.
Pourquoi Pas-breen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°15′S 135°55′E / 66.250°S 135.917°E | ||
Lengd | 28 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Pourquoi Pas-breen 66°15′00″S 135°55′01″E / 66.25°S 135.917°E | |||
Pourquoi Pas bretunge er ei markant isbretunge som er 7 km brei og 11 km lang og som strekkjer seg ut i sjøen frå Pourquoi Pas-breen. Han vart skissert ned frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pourquoi Pas Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).